– Vi har sett nokre eksempel på ungdomar som har valt studiespesialisering, men som kanskje hadde trivest betre dersom dei valde å gå den yrkesfaglege vegen, seier Jon Arne Garshol Haram som er assisterande rektor ved Ulstein vidaregåande skule.

Skilnader

Kort fortalt så skal yrkesfag vere meir praktisk retta enn det studiespesialiserande fag er. Dei som går yrkesfag, går vanlegvis 2 år på skule og har deretter 2 år lærlingtid før dei får fagbrev. Dei som går studiespesialisering, går 3 år på vidaregåande skule og får generell studiekompetanse. Dei som har gått yrkesfag, kan få generell studiekompetanse ved å gå eit år med påbygging. Fram til no har det vore vanskeleg for dei som har starta på studiespesialisering, å endre retning utan å tape tid, men dette ønskjer altså regjeringa med Erna Solberg i spissen å endre på.

Yrkesfagleg opphenting

I juni lanserte Utdanningsdirektoratet ei ny ordning der elevar frå Vg1 Studiespesialisering kan gå over til Vg2 yrkesfag og samstundes fullføre opplæringa på normert tid. Fylkeskommunane kan velje om dei vil ta i bruk ordninga.

– Vi vil følgje med på kva signal vi får frå Fylkeskommunen. Når det gjeld å få til eit slikt tilbod i praksis, vil det krevje ein del frå skulen si side, så vi er ikkje klare til å tilby yrkesfagleg opphenting allereie frå denne hausten, seier Haram.

Både læreplanar og lærarkrefter må vere på plass før ein kan gje dette tilbodet ved skulen.

Dei som startar på studiespesialisering Vg1 i haust, vil altså kunne få dette tilbodet frå neste år dersom alt går etter planen. Dersom elevar vel å ombestemme seg etter eitt år på studiespesialisering, så må dei ta eit fag som heiter yrkesfagleg opphenting innan det yrkesfaget dei ønskjer å starte på i Vg2.

– Då må dei lære det som dei andre elevane har lært i yrkesfaga i løpet av det første året. Totalt utgjer det nye faget 196 timar i året, eller rundt 7 timar i veka, forklarer Haram.

50/50-fordeling

På landsbasis er det i år like mange som søkjer seg til yrkesfag som til studieførebuande fag.

– Både politikarar og ulike interesseorganisasjonar har signalisert at dei vil satse på yrkesfag. Tidlegare har yrkesfag fått kritikk for å vere for teoretiske, seier Haram.

Yrkesfag i fokus

Kunnskapsdepartementet har fastsett endringar i tilbod-strukturen for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Desse vil først verte gjeldande frå skuleåret 2020-21, men arbeidet viser at yrkesfag er i fokus.

– Ved vår skule har vi sett at mellom anna elektro er ei veldig populær linje. Eg trur det heng saman med at det har vore lett å finne lærlingplassar for desse elevane, seier Haram.

Det kan også verke som om arbeidsmarknaden i regionen påverkar ungdommen sine val.