Norconsult har på vegner av Fjord 1 søkt om løyve til etablering av tekniske anlegg på Hareid ferjekai. Dei har søkt om dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan for å føre opp ladetårn, fortøyingsautomat og to batteribygg. Batteribygga er 16 og 23 meter lange, fire meter breie og rundt fire meter høge.

Kommunen likar dårleg plasseringa av batteribygga, og meiner dei vil stele for mykje av den flotte utsikta mot fjorden.

Norconsult klaga på avslaget med kommunen, men kommunen valde å stå på sitt, så klagen vart sendt til Fylkesmannen.

Fylkesmannen har sett på saka og opphevar kommunen sitt vedtak om avslag. Saka blir sendt tilbake til kommunen for ny behandling.

Kan kommunen seie nei?

Rådgjevar Elfrid Sundquist med Fylkesmannen skriv at det er opp til kommunen sitt frie skjønn å avgjere om dispensasjonen skal godkjennast eller ikkje. Eit avslag må likevel byggje på saklege og relevante omsyn, og det skal ikkje vere vilkårlege eller innebere usakleg forskjellsbehandling, skriv ho.

– Har Hareid kommune eigenleg anna val enn å seie ja? Det byrjar å nærme seg 1. januar, då ferjene skal vere i drift.

– Det ligg ny informasjon i saka som eigenleg ikkje er vurdert. Det bør kommunen gjere. Eg kan ikkje seie noko om utfallet, svarer Sundquist.

Må ta med vurderingane

– Har kommunen fått nokon frist for å ta saka opp på ny?

– Nei, det er ingen formell frist som følgjer av lova.

– Men syntest du grunngjevinga på avslaget til kommunen var usakleg?

– Nei, det var det ikkje. Men det har kome fram opplysningar som ikkje har blitt vurderte. Opplysningar som kom litt seint frå tiltakshavar.

I brev til kommunen skriv Sundquist at søkjar har lagt fram nokre skisser under den politiske klagehandsaminga som ikkje har blitt lagt fram for administrasjonen. Det har tidlegare vore vurdert alternativ, men desse har ikkje blitt sett på som hensiktsmessige på grunn av tidsomgrepet for prosjektet og økonomi. Desse vurderingane er ikkje lagt fram for formannskapet, skriv Sundquist.

Ladetårn: Ladetårnet på ferjekaia på Lote ruvar godt i landskapet, men der er ikkje like dominerande batteribygg som Hareid vil få. Foto: Ingvild Aursøy Måseide Foto: Ingvild Aursøy Måseide