I fjor kosta det 116 kroner for ein personbil med førar. I år har prisen stige til 136 kroner. Det er ei prisstigning på 20 kroner. Dei fleste nyttar ferjekort som gjer at ein får 50 prosent rabatt på desse beløpa, men Frida er spent på prisutviklinga vidare. Etter planen skal Autopass innførast ved nyttår.

Med den nye ordninga er det berre køyretøy som skal registrerast, og ikkje passasjerar. For å unngå tap i driftsinntekter, kan det føre til at prisen for dei som reiser åleine i bilen, vert høgare.

– Eg fryktar at prisen vil stige endå meir frå nyttår. Eg synest det er uheldig viss det vert dyrare for dei pendlarane som er avhengige av å køyre eigen bil, seier Frida som pendlar frå Hareid til jobb i Ålesund.

Pendlarutgifter

Sjølv vekslar ho mellom å reise med ferje til Sulesund og hurtigbåt til Ålesund alt etter om ho treng bilen i jobbsamanheng på den andre sida av fjorden. Eit månadskort med hurtigbåten kostar 2040 kroner. Årskort for parkering på Hareid kostar 5000 kr eller 7000 kroner, avhengig av kor nært kaia parkeringsplassen er. Frida har valt alternativet som kostar 5000 kroner.

– Eg synest det er kostbart nok å pendle slik situasjonen er i dag. Eg trur mange merkar det på økonomien, seier ho.

Arbeidsmarknaden

Vi har ein arbeidsmarknad der mange er avhengige av å pendle mellom Hareid og Ålesundssida. Både privatpersonar og bedrifter vil merke det på utgiftsnivået.

– Eg synest det er viktig å setje søkjelys på denne saka før nye takstar vert vedtekne, seier ho.

– Frå nyttår vert det nye ferjer som er meir miljøvennlege og går oftare på ferjestrekninga. Synest du det er verdt å betale meir for det?

–Eg er nok over middels miljøbevisst og betalar gjerne nokre kroner ekstra for eit miljøvennleg alternativ, men 30 prosent er mykje synest eg, seier Frida Johansson.

Fylket avgjer

Vi tok kontakt med Arild Fuglseth som er samferdselssjef i Møre og Romsdal. Han understrekar at dei nye takstane for ferjesambandet Hareid-Sulesund som fylket har ansvar for, ikkje er sette på noverande tidspunkt.

– Ferjetakstane for 2019 vil ikkje verte bestemte før vi behandlar budsjetta til hausten, seier han.

I desember i fjor reagerte både private og næringslivet på takstauken som kom på Hareid-Sulesund då ferjesambandet gjekk opp to soner frå nyttår. Det vert no arbeidd med å innføre Autopass på alle riksferjesamband i Norge. Etter planen skal det også innførast Autopass på strekninga Hareid-Sulesund som fylket har ansvar for. Det vil bli prisauke

Ifølgje Statens vegvesen har fylkeskommunane valt å la dei fleste fylkeskommunale samband følgje riksregulativet.

– Vi nyttar riksregulativ på alle fylkeskommunale samband, bekreftar Fuglseth.

– På riksvegstrekningar der ein har innført brikkebetaling, med Autopass har prisen for ein personbil med førar gått opp nesten 30 prosent. Vil ein gjere det same for ferjestrekningar på fylkesnivå for å halde oppe driftsinntektene når ein ikkje lengre tek betalt for passasjerar?

– Ein nyttar riksregulativet på alle ferjestrekningane i Møre og Romsdal, og det vil bli ein prisauke på køyretøy i forbindelse med innføring av Autopass. Ein må kompensere for bortfall av inntekter når passasjerar skal reise gratis. Korleis Autopass slår ut for oss, må vi rekne på, seier Fuglseth.

Samferdselssjef: Arild Fuglseth fortel at det vil verte ein prisauke for køyretøy i samband med innføring av Autopass. (FOTO: Terje Aamot) Foto: TERJE AAMODT