Han seier at Hareid formannskap må ta omsyn til både miljøet og estetikken i sentrum. Det har dei gjort til no i denne saka, og det vil dei også gjere framover. Det trur han også Fylkesmannen vil forstå at dei må.

Fylkesmannen hevdar kommunen ikkje har hatt med vurderingane som har vore gjort av tidsomgrepet og økonomi. Til det svarer Fuglseth at dei er fullt klare over at ferjene skal gå frå 1. januar, men kommunen kan ikkje handsame ei sak før dei får henne oversendt frå vegstyresmakter, konsulentfirma eller andre som vil ha henne handsama.

– Formannskapet vil ikkje la seg presse av tid eller økonomi, varslar Fuglseth og seier at saka førebels ikkje er sett på sakskartet, men dei vil ta henne opp på ny, som Fylkesmannen har vedteke.

Fuglseth skulle ønskje at det var betre dialog mellom partane. Og at Fjord 1 såg fleire moglegheiter, både i plassering av batteribygg og tekniske løysingar. Teknologien på dette feltet utviklar seg fort. – Det har kome fram i mange kanalar at der er andre alternativ, seier Fuglseth.