Sommarles set nye rekordar

Både i Hareid og Ulstein er det mange barn som deltek på lesekampanjen Sommarles. For barn som har lyst til å vere med, er det enno ikkje for seint.

SOMMARLES: Biblioteksjef Mona Iren Auganæs (til venstre) og Kjerstin Haddal som jobbar ved Ulstein bibliotek, har framleis premiar på lager til alle dei barna som deltek på Sommarles. Britt Opsahl Myrene som har hatt ansvar for Sommarles ved biblioteket, var på ein velfortent sommarferie då vi tok dette biletet. 

Eg trur denne kampanjen er enormt viktig for å skape leseglede

Mona Iren Auganæs
Nyhende

Kampanjen starta 1.juni og varer til 31.august. No nærmar det seg Sommarles-fest ved dei to biblioteka. Laurdag 25.august kjem forfattar Arnfinn Kolerud som har skrive boka Snillionen, til Ulstein bibliotek. Dette skjer i samarbeid med Ulstein Mållag.