"Ta sjansen" går av stabelen under Trebaatfestivalen laurdag 25. august. I mange år har arrangementet vorte gjennomført mellom Quality Hotel Ulstein og leilegheitene på Sjøsida. Men i år er arrangementet flytta til Geileneset. Festivalleiinga, folk frå Tussa og fleire frivillige har derfor brukt fleire dagar på å bygge om "Ta sjansen"-rampen. Og i dag, fredag, kom ein kranbil med rampen på planet, for å heise han ut i sjøen utanfor brygga på Geileneset. Også ein dykkar var med blant dei frivillige.

- Vi må finne ut kor lange pålar rampen skal stå på nede i sjøen, forklarer Vidar Håndlykken i Tussa.

Etter at måla er tekne, skal rampen på land igjen, og pålane skal byggjast på. Deretter blir det ny sjøsetting om nokre dagar.

Påmelding snarast råd

I år er det Tussa som står ansvarlege for gjennomføringa av "Ta sjansen".

Vidar Håndlykken oppmodar folk om å samle arbeidskollegaer, lagkameratar, vener og familie til å byggje den kulaste, artigaste, raskaste eller galnaste båten som nokon gong har delteke på Trebaatfestivalane.

- Vi har ikkje sett nokon frist for påmelding, men det er fint om folk som vil vere med melder frå snarast mogleg, slik at vi får ei oversikt, seier Håndlykken.

Inne på Tussa si heimeside ligg det skjema for påmelding.

Max 1,20 brei og 2 meter lang

Einaste kravet til  farkosten er at han må kunne flyte, og at han er maksimalt 1,20 meter brei og maksimalt om lag 2 meter lang.

Eg lovar mykje moro og flotte premiar til raskaste båt, flottaste båt - og sjølvsagt også Fiaskoprisen, legg Håndlykken til.