Prosjektet for vatn og avløp til Røyset har oppstart måndag 13. august, skriv Hareid kommune på nettsida si.

Det skal byggjast nye vass- og avlaupsleidningar til Røyset med tilhøyrande pumpestasjonar. Samstundes med denne utbygginga skal heile Røysetvegen utbetrast og forsterkast. Planlagt ferdistilling av prosjektet er i mai 2019. Hovudentreprenør er Brekke og Kleppe anlegg AS.

Arbeida vil byrja ved vegen frå Ulsetin til Gjerdingane, så denne vegen kan fungere som omkøyringsveg under resten av prosjektet. Deretter vil dei ta strekninga frå Bjåstad til Gjerdingane der nye vass- og avlaupsleidningar i hovudsak blir lagt i vegbanen.

Nokre stader langs vegen skal det byggjast pumpestasjonar. Ved Rotarystien er det tenkt mellombels riggplass, som i framtida vil bli parkeringsplass for turgåarane.

Røysetvegen vil vere stengt for gjennomkøyring i store delar av anleggsperioden. Tilkomst til eigedomane langs vegen vil variere etter kor langt arbeider er kome, skriv kommunen og oppmodar bebuarane til å halde seg oppdaterte på framdrifta i prosjektet og følgje skiltinga på staden. Kommunen vil fortløpande leggje ut informasjon på nettsida si, dei vil elles bli varsla med sms.

Hareid kommune beklagar dei ulemper prosjektet vil medføre under anleggsperioden, men håper mange vil sjå fram til betre veg, vatn og avlaup når prosjektet er ferdig.