Trimgruppa har hatt samtale med grunneigarar på Rise om parkeringsplass og skilting av rås/turveg som går til fjells frå dette bruket. Denne råsa/turvegen er mykje brukt for å kome til fjellområde som Kiberget, Bjørnenakken, Mosvarden, Brørene osb. Men der er dårleg med parkeringsplassar for turgåarane. Dei som bur der skal ha opplevd å få opp til 30 bilar parkert i og forbi tunet. Det blir også parkert ved busslomma, men der er berre plass til 2–3 bilar.

Trimgruppa ønskjer at kommunen lagar til ein parkeringsplass og får opp skilt som å området kan nyttast av fleire. Grunneigar til stille grunn til disposisjon for parkering framfor Riseelva, skriv trimgruppa, og ber kommunen ta tak i dette.