Etter Per Sandberg gjekk av som fiskeriminister måndag 13. august vart det klart at Harald Tom Nesvik tar over denne ministerposten.

– Det er kjempebra at me endeleg får ein fiskeriminister frå det store fiskerifylket Møre og Romsdal. Eg trur Harald Tom vil utføre jobben på ein god måte. Han er absolutt kvalifisert, kommenterer ulsteinordførar Knut Erik Engh (Frp).

– Det er gledeleg at fiskerifylket Møre og Romsdal får ein fiskeriminister. Me er eit stort fiskeri- og sjømatfylke og det er på høg tid at dette blir gjenspegla i tillitsverv frå dette fylket til nasjonale leiarposisjonar fiskeripolitisk. Gratulerer til Framstegspartiet og Harald T. Nesvik, gratulerer tidlegare stortingsrepresentant Oskar Grimstad.