– Det er heilt utruleg at ein karakter frå 2013 skal øydelegge for meg, seier Brandal til Vikebladet Vestposten.

I eit innlegg på Facebook skreiv ho følgjande sist veke: «Det er supert med eit lærarløft! Hadde det berre fungert.»

Ho siktar til at inntaksreglane vart endra frå 2016. For å kome inn på lærarstudiet må du no ha eit karaktersnitt på minst 3,5, minst 4 i matte og minst 3 i norsk. Det er mattekarakteren Brandal fekk då ho gjekk på Herøy vidaregåande skule som er problemet.

– Eg tok først eit år på helse og sosial, før eg gjekk eit år på barne- og ungdomsarbeidarfag. Då fekk eg karakteren 3 i matematikk, fortel ho.

Tok fagbrev

Etter dei to åra på Herøy vidaregåande skule gjekk Brandal ut som lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Ho hadde eitt år som lærling i Høddvollbarnehagen, før ho tok eit lærlingår på Ulstein skule. Der tok ho også fagprøva i 2016 og fekk «bestått meget godt». Etter det fekk ho jobb på Ulstein skule før ho flytta til Trondheim i november 2016.

– Både sambuaren min og eg gjekk rett ut i jobb her i Trondheim. Eg fekk arbeid som fagarbeidar og assistent på Åsveien skole, fortel Brandal.

Tok studiekompetanse

1. august i fjor vart så sambuarparet foreldre til Tobias. 17 dagar seinare sette Brandal seg på skulebenken igjen, denne gong for å ta påbygg til generell studiekompetanse. Babyen var med på skulen.

– Eg var open mot lærarane og sa at eg måtte ha hjelp til matematikk, for målet var å kome inn på grunnskulelærarutdanninga 1.–7. steg ved NTNU her i Trondheim. Eg jubla då eg fekk 4 som standpunktkarakter og grein då eg kom opp i matte-eksamen. Men eg fekk 4 der også, så då feira vi, fortel 21-åringen.

«Eg fekk 5 i bokmål og 6 i resterande fag (her inngår mellom anna skriftleg og munnleg nynorsk). Men eg har 3,66667 i mattesnitt og er difor ikkje rekna som god nok til å bli lærar», skriv Brandal i Facebookinnlegget, som også vart trykt på debattsidene til Adresseavisen sist veke.

Det viser seg altså at karakteren frå 2013 tel like mykje som dei to 4-arane Brandal fekk då ho tok generell studiekompetanse. 3+4+4 gir ikkje eit snitt på 4, som er kravet for å kome inn på lærarutdanninga. 21-åringen fortel at heller ikkje rådgjevarane på den vidaregåande visste at den fem år gamle karakteren skulle telje i opptaket til lærarutdanninga.

Gir seg ikkje

Brandal meiner det er bra med krav til karakterar, men spør kvifor ein lærar må vere flink i alle fag.

– Mange kan undervise i andre fag enn matematikk. Mitt sterkaste fag er norsk og det vert brukt i alle fag, seier ho.

«Medan vi ventar på at politikarane finn ut av dette tullet, så held eg fram med å undervise borna dine, niesene og nevøane dine, barnebarna dine og borna til vennane dine- heilt ufaglært», skriv Brandal.

For når det ikkje vart lærarstudiar, satsar ho på å finne seg jobb i skuleverket.

– Men eg har ikkje gitt opp draumen om å verte lærar. Difor skal eg ta opp att matematikken frå 2013 og då satsar eg på å gjere det betre enn til karakteren 3, seier ho.

Ingen på Institutt for lærarutdanning på NTNU hadde tid til å kommentere denne saka måndag.