Politiet har gjennomført ein trafikkontroll i Hareid, tysdag ettermiddag.

Åtte køyretøy køyrde for fort, noko som resulterte i åtte forenkla forelegg.

Den fortaste ein bil køyrde i 50-sona var 72 km/t.

Seinare på ettermiddagen vart det gjennomført ein trafikkontroll langs fylkesveg 61 på Varleite i Ulstein. 57 køyretøy vart kontrollerte, ingen køyrde for fort.