Tidlegare i sommar skreiv Vikebladet Vestposten at ordføraren i Hareid førebels ikkje hadde fått vigsla eit einaste brurepar, medan ordføraren i Ulstein hadde vigsla 7 par.

Men no er altså den første borgarlege vigselen av Hareid kommune gjennomført. Ordførar Anders Riise var på ferie, så varaordførar Kristian Fuglseth stod for seremonien.

– Me valde å gifte oss borgarleg fordi det verka litt enklare enn eit kyrkjebryllaup, seier brureparet til lokalavisa. Dei hadde først planlagt eit veldig enkelt og lite bryllaup, men det vaks litt på seg undervegs i planlegginga. Dei synest det er kjempeflott å ha dette som eit tilbod i kommunen då det gir ein del spelerom for korleis ein legg opp vigsla.

Dei rosar Fuglseth for å ha vore fantastisk imøtekomande og latt dei få ha seremonien akkurat som dei ville. Brandal Grendehus passa godt til dette arrangementet. I førsteetasjen var det fint pynta til seremonien, og oppe var det middag og selskap.

I eit bryllaup er det mykje logistikk som skal klaffe. Av ymse grunnar vart det litt venting på brura. Men gjestene tok det med eit smil, og hygga seg i lag.

Fin seremoni

Brura var vakkert pynta i stor, kvit kjole og blomar i håret. Borna deira var brurepiker og -svein. Chanel (6) kasta roseblad på golvet, før brura vart følgd opp midtgangen av søstera som var på besøk frå Brasil, til tonane frå «I will always love you».

Kristian Fuglseth ønskte forsamlinga velkomen til denne store dagen. Han sa at ekteskap er å love kvarandre samhald gjennom heile livet, både i gode og vanskelege dagar. Det er ikkje ein lett lovnad.

Både Sandra og Robert svarte høgt og tydeleg ja på at dei ville ha den andre som ektemake.

Sonen Romeo (9) kom fram med ringane, som dei tredde på fingeren til kvarandre. Deretter signerte brureparet på ekteskapet. Fuglseth ønskte dei nygifte lukka til med kjærleiken og livet, så brøyt det ut stor applaus frå publikum. Deretter gjekk dei ned midtgangen i lag, før døtrene Sarah Yasmin (11) og Chanel song ein fin song.

Fuglseth las også eit dikt til brureparet, av Alf A. Sæter. Det handla om å elske kvarandre.

– Å elske er å tenne lys og tørke tårer natt og dag, var ei av strofene.

Brureparet var godt fornøgd med seremonien, han vart verdig og flott med mykje varme.