Hareid kommune har fire gonger tidlegare delt ut Arbeidsmiljøprisen.

Prisen har vore annonsert, men det kom berre inn ein nominasjon: Hareid sokn nominerte seg sjølve.

Ettersom soknet er ei eiga juridisk eining, finnast det ingen kvalifiserte kandidatar, konkluderer arbeidsmiljøutvalet i kommunen.

Dei vil difor ikkje dele ut prisen i år.

Utvalet vil leggje ein plan for kva dei kan gjere for å få fleire kandidatar neste år.