Førre veke var over femti korpsungdomar samla til øving på Sunnmøre Folkehøgskule. Veka vart avslutta med ein felles konsert på Sjøborg kulturhus sundagen.

Musikkveka er eit tilbod for korpsungdom frå heile regionen vår, frå niandeklasse og oppover. Her får dei møte likesinna og fylle ein heil veke med korps.

Arsharan, Frida og Ragnar fortel at dei alle tre sov på Sufh denne veka, sjølv om dei ikkje hadde lange vegen heim. Alle tre speler i Ulsteinvik skulekorps. Dei har felles øving kvar måndag, i tillegg øver dei heime. Det varierer litt kor mykje dei øver. Dei synest det er veldig kjekt å vere på Musikkveka. Ragnar er her for første gong, dei to andre er med for andre gong.

– Kvifor er de med på Musikkveka?

– For å bli flinkare til å spele, svarer Ragnar. Ungdomane synest det er moro å møte nye folk, få spele meir utfordrande songar og lære noko dei ikkje kan. Dei ser ikkje vekk ifrå at dei vil delta også neste sommar.

– Kva likar de best å spele?

– Filmmusikk, svarer Frida.

– Eg likar å spele musikk som eg har høyrd om, svarer Ragnar.

– Fine ungdomar

Leirsjef Viggo Bjørge og musikalsk leiar Philip Hannevik er godt nøgde med gjennomføringa av kurset.

– Det har gått veldig bra. Det er fine ungdomar som tar vare på kvarandre og stiller når dei skal, fortel Hannevik.

Bjørge seier at Norges Musikkorps forbund arrangerer mange slike kurs rundt omkring i landet i sommar. Tradisjonelt har Musikkveka blitt halde i Nordfjordeid, men dei tre siste åra har dei vore på Sunnmøre Folkehøgskule, noko dei trivst veldig godt med. Her er god plass, og flott plassert for nedslagsfeltet. Dei synest det er stas at konserten blir halde på eit skikkeleg kulturhus, då blir det meir høgtid over det.

Det regna godt den veka dei var i Ulsteinvik, så dei har ikkje vore så mykje ute, men det har det heller ikkje vore tid til. Det har vore tett program kvar dag, frå morgon til kveld. Alle dei ulike instrumenta har hatt eigne lærarar. Og ungdomane har også fått lære om korleis dei skal vere gode rollemodellar for dei yngre i korpsa.

Vellukka: Viggo Bjørge og Philip Hannevik er godt nøgde med gjennomføringa av Musikkveka 2018. Det einaste dei hadde å utsette på veka var at elevane vann over lærarane i fotball. Foto: Ingvild Aursøy Måseide