Innspelinga til sesong to av tv-serien Heimebane er godt i gang, og denne veka skal det gjerast ein del opptak i Ulsteinvik.

Serien handlar om fotball-laget Varg, som har landets første kvinnelege trenar på elitenivå.

Varg si heimebane er Høddvoll, eller Tangsrud Arena, som det heitte i den første sesongen.

I sesong to har heimebana skifta namn til Ulsteinvik stadion, noko som no er synleg på Høddvoll.

Fredag denne veka skal det ifølgje tv-staben spelast inn eitt av høgdepunkta i sesong 2 på Høddvoll/Ulsteinvik stadion.

Opptaka skal skje mellom klokka 16.00 og 21.00 og dei som møter opp som statistar på tribuna, skal få eit innblikk i ein av dei mest dramatiske kampane til Varg IL nokon gong- ifølgje produksjonsstaben.