– Dette NM-gullet set eg sjølvsagt veldig høgt. Det er det største eg har opplevd i gokart-karrieren min, heilt klart, seier Jonas Moe Sundgot til Vikebladet Vestposten.

Lokalavisa møtte 18-åringen heime på Breivikgjerdet på Dimnøya måndag. Der var også Jonas sin største støttespelar, pappa Frank Jarle Sundgot, som heldt på å pakke ut av bilen etter helgas tur til Malmedalen Motorsenter, like nord for Molde.

– Det er enormt det Jonas har klart. Eg kunne nesten ikkje tru det då eg såg han køyrde først i mål. Dette var utruleg stort for Jonas, men også for heile familien og alle som har støtta han opp gjennom åra, seier Frank Jarle.

Byrja som niåring

I 2009, då Jonas var ni år gammal, var det nettopp pappa som introduserte han for gokart. Jonas byrja å køyre på gokartbana på Leikong, og blei heilt hekta.

– Eg sa visst til pappa ein dag etter å ha køyrt gokart at dette var noko for meg. Og det har det verkeleg vore. Det som eg først tenkte kunne vere ein hobby blei etter kvart noko meir, seier Jonas smilande.

Ålesund Gokart Klubb/KNA Nordvest blei neste stoppestad for Jonas, som ønskte å satse på sporten.

– Det er større løpsmiljø i KNA Nordvest. Der har eg fått utvikle meg vidare, og eg har fått mange verdifulle innspel og råd frå dyktige folk i klubben, seier Jonas.

Det er heller inga tvil om at eitt av suksesskriteria bak det Jonas har oppnådd kjem av mykje tidsbruk og stor dedikasjon frå pappa Frank Jarle.

– Det har blitt nokre tusen kilometer i bil rundt omkring i Norge. Så har eg også skrudd mykje bil desse åra. Men det har heilt klart vore verdt det, og eg og dei andre i familien har hatt mange flotte opplevingar saman med Jonas, seier han.

– Veldig stort

Sjåførane i X30-klassen er dei med mest erfaring og rutine i gokartmiljøet i Norge – og difor er det også størst prestisje i å vinne nettopp denne klassen.

– Eg har prøvd eit par gongar no å køyre meg til ein noregsmeister-tittel, og i år blei det endeleg slik, seier Jonas Moe Sundgot nøgd.

NM i Malmedalen tok til fredag i førre veke, med obligatorisk trening for alle førarane. Laurdag byrja ein på løpskøyring, og søndag gjekk finalane av stabelen – med den siste finalen som teljande. Der køyrde Jonas Moe Sundgot etter 20 rundar i mål på tida 15:14.973, 2.213 sekund framfor Tommy Kvakkestad Nordvang og 3.541 sekund før tredjeplasserte Simen Lille Homb.

– Har nådd dit eg ville – og kunne

Som fersk noregsmeister kvilar ikkje Jonas spesielt lenge på laurbæra. Til helga reiser han og pappa Frank Jarle til Haugesund, der eit nytt løp i Vestlandsmesterskapet ventar.

– Der ligg eg på 2.-plass samanlagt, med to løp igjen. Vinn eg meisterskapen samanlagt vinn vi ein motor, og eg får delta i Iame International på Le Mans i Frankrike, seier han.

For mange motorinteresserte er Formel 1 det aller ypparste – og nært sagt alle som er førarar på øvste nivå i dag starta med gokart. Men å satse på noko spesielt høgare nivå enn det han er på no, blir ikkje aktuelt for Jonas.

– Det har rett og slett med finansiering å gjere. Skal ein kome seg spesielt mykje høgare opp i racingverda må ein ha solide budsjett. Eg er godt nøgd med å ha nådd dit eg ville – og kunne, seier Jonas Moe Sundgot, som ønskjer å gå meir og meir over til å prioritere utdanning og jobb dei neste åra.

Jonas på toppen av pallen som fersk noregsmeister. Tommy Kvakkestad Nordvang og Simen Lille Homb på 2. og 3.-plass. Foto: Jan Roger Moe.
Her ligg Jonas Moe Sundgot (nummer 18) heilt i teten under finalerundane i noregsmeisterskapen på Malmedalen Motorsenter i helga. Til slutt var det 18-åringen frå Dimnøya som kunne juble for sitt fyrste NM-gull i klassen X30 – klassen med dei mest erfarne førarane. Foto: Jan Roger Moe.