– Det gjekk bra, betre enn venta, for eg var veldig nervøs, seier 22-åringen til Vikebladet Vestposten dagen etter opninga. Svært mange av dei 4.000 studentane ved høgskulen møtte opp under opninga.

Bergland går no fjerde og siste året på lærarutdanninga, 5.-10. trinn.

– Eg valde å studere i Volda fordi det er så nær Ulsteinvik. Her er eit veldig godt studentmiljø og det er lett å bli kjend med andre, også på tvers av studieretningane. seier ho.

Bergland vart også nyleg valt inn i styret for Høgskulen i Volda.

Rektor Johann Roppen, som også er frå Ulstein, heldt velkomsttale og sa mellom anna at:

– På Høgskulen i Volda vil de møte opne dører. Gå gjennom dei. Møt nye menneske. Skap ei ny framtid i lag med oss.

Han la også vekt på at Høgskulen i Volda ønskjer å vere ein høgskule for heile regionen.