Dette skjer som ein del av arbeidet med å berge skipsverftet. Det skreiv Nett.no nyleg. (Ekstern lenkje).

Den totale restruktureringspakken er på rundt 600 millionar kroner, og kom til som følgje av at Hurtigruten AS tok over hundre prosent av aksjane i verftet tidlegare i sommar.

Finansdirektør Ola Beinnes Fosse i Kleven kan fortelje at ein heller ikkje vil tene pengar på bygginga av Maersk sine ankerhandterarar. Store tap på enkeltprosjekt, både dåverande og framskotne kostnader, førte til eit årsresultat på minus 451 millionar kroner i 2017. Kleven har no ei gjeld på nesten 3 milliardar kroner, men no blir altså fokuset å snu skuta.

Beinnes Fosse fortel også til næringslivsportalen at alt Kleven var skuldig underleverandørane no er gjort opp for.

– Vi har vore så heldige å ha svært forståelsesfulle og samarbeidsvillige underleverandørar. Det har vore svært viktig i den fasen vi har vore inne i, men vert også viktig framover, seier Ola Beinnes Fosse til Nett.no.