Politiet etterforskar ei forbikøyring i Botnen i Ulstein.

Saka vart først omtalt sist veke i Sunnmørsposten, som hadde fått tilsendt ein video av køyringa.

Videoen viser ein bil som tek ei forbikøyring og er nær ved å kollidere med møtande trafikk.

Fungerande lensmann i Ulstein og Hareid, Tor Sæther, seier til Vikebladet Vestposten at politiet veit kven som disponerte bilen på det aktuellet tidspunktet.

– Men det har førebels ikkje lukkast oss å kome i kontakt med vedkomande, seier han.