Under Arendalsuka er det mykje som skjer. Tysdag ettermiddag var det ein samtale som hadde fått tittelen «Nok preik. Hvordan kan vi gjøre barn til skapere, og ikke bare forbrukere av teknologi».

Ulsteinordførar Knut Erik Engh var invitert til å sitje i panelet og fortelje om korleis dei har fått koding inn i alle skuletrinn på alle skular. Ein annan deltakar i panelet var Audhild Gregoriusdotter Rotevatn frå Høgskulen i Volda.

Lær Kidsa Koding har arbeidd i fem år med å få koding inn i skulen. No er det vedteke, men korleis me skal gjere det er framleis uklart for mange. Difor Men kva verkemiddel har me eigenleg for å lukkast med programmering i skulen? Lær Kidsa Koding inviterte i lag med deira hovudpartnar Samsung inn til ein løysingsorientert samtale om korleis kommunar, høgskule, lærarar, frivillige og næringsliv kan hjelpe elevar med å få kompetansen dei treng i framtida.

Tenkt breidde

– Det som har vore viktig for å oss er å satse på breidde, sa Knut Erik Engh.

Som i idrett så er det vanskeleg å vite kven som blir verkeleg god før ein har halde på ei stund. Alle skal med. Engh sa også at Ulstein kommune har satsa på lærarane, for det er dei som skal undervise i dette.

Rotevatn sa at det ikkje er vits i å berre investere i mange iPadar om det ikkje blir følgt opp. Lærarane bør vite kva dei skal med teknologien det blir investert i. Det er ikkje meininga at elevane berre skal sitje å sjå YouTube og kattevideoar på dei.

– Eg trur det handlar om at nokon må gå i front og vise dei andre, sa ulsteinordføraren som meiner at koding bør vere ein integrert del av undervisninga. Ein bør ikkje berre overlate dette til nokre eldsjeler, men byggje opp brei kompetanse blant lærarane.

Digitalisering for læring

Knappskog skule i Fjell kommune er heildigitalisert. Lærar Ingvild Vikingsen Skogestad fortalde om erfaringane dei har gjort seg. Ho sa at målet med digitalisering er å gjere elevane meir motiverte til læring, noko ho opplever at dei får til.

Prioritert IKT i skulen

Ulstein kommune fekk ros for å ha vore tydelege skuleeigarar som har tatt grep og vist tydeleg at dette er noko dei har prioritert og satsa på. – Ulstein er den kommunen i Noreg eg nemner mest, hevda Torgeir Waterhouse.

Til Vikebladet Vestposten fortel ulsteinordføraren at han etter denne samtalen fekk mange gode tilbakemeldingar. Folk var imponerte over at Ulstein kommune greier å satse så mykje. Ein representant frå Norsk Elektroteknisk forening kom bort til Engh og fortalde at dei skal ha ein konferansen i Ulsteinvik i november. Då ho høyrde Engh i debatten vart ho overtydd om at dei lagt konferansen til rett plass.

Fagleg fornying

I debatten minna Audhild Gregoriusdotter Rotevatn forsamlinga om at teknologien utviklar seg heile tida. Fagleg fornying er viktig. Læraren i Ulstein som har vore på kurs må etter ei stund på nytt på kurs.

Dette semesteret skal Høgskulen i Volda forske på resultata frå satsinga til Ulstein. Ut frå funna vil Ulstein kommune leggje ein treårig plan for vidare satsing.

Mykje spennande som skjer

Ordføraren er på Arendalsuka i lag med rådmann Einar Vik Arset og konsulent Audun Hopland. Dei er tilhøyrarar på mange debattar dei tenkjer er relevante for Ulstein, som innovasjon og tettstadutvikling.