(NPK-NTB): For to år sidan granska Vegtilsynet arbeidet med brusikkerheita i Noreg. Konklusjonen var då at nødvendige inspeksjonar mangla.

– Sidan då, og særleg i 2017, er det gjort ein god del arbeid. Mykje er på plass, men det er ein liten veg igjen å gå før vi er overbevist, seier Trude Tronerud Andersen, direktør i Vegtilsynet til NRK.

Vegdirektoratet fortel at dei nesten er ferdig med å sjekke dei over 17.500 bruene i riks- og fylkesvegnettet i Noreg.

– Vi skal vere à jour med å sjekke alle desse bruene i løpet av 2018, seier brudirektør Børre Stensvold.

Han påpeikar at det ikkje er noko å frykte for bilistar som ferdast over Noregs bruer. Heller ikkje på dei bruene som førebels ikkje er sjekka.

– Vi kan sjølvsagt ikkje garantere noko, men bruene i Noreg er trygge. Dersom vi er utrygge på ei bru, blir ho stengd, seier han.