Kampen gjekk på Hareid stadion fredag kveld.

Då Ørsta hadde snudd kampen frå 0-1 til 2-1 like etter pause - og Hareid såg ut som eit nedrykkslag - slo August Brandal til og skora tre forrykande mål.

Kampen såg ut til å gå i same spor som vårkampen der Ørsta vann 3-1 etter at Hareid hadde teke leiinga 1-0. Den gongen skora Knut Erik Myklebust alle Ørsta sine mål.

Også denne gongen tok Hareid leiinga då Fredrik Andresen stakk fram på eit gjennomspel frå Ruben Kenneth Brandal i det 36. minutt og sette ballen i mål. Fredrik avventa skotet, og fekk Ørsta-keeperen ned mot bakken, før han «kippa» ballen i mål.

Men Ørsta, som hadde hatt brorparten av spelet i ein sjansefattig 1.-omgang, utlikna til 1-1 ved Knut Erik Myklebust i det 40. minutt, same mann som laga hat-trick mot Hareid i vårkampen.

Då Myklebust gav Ørsta 2-1 på ei flott heading alt i det første minuttet av 2. omgang såg dette ut til å bli ein blåkopi av vårkampen.

Men den gong ei, tenkte den jagande Hareid-spissen August Brandal, som sette i gang eit forrykande skoringsshow. Utlikninga til 2-2 kom i det 53. minutt etter eit framspel frå Lars Roar Holstad. Deretter sette August inn 3-2 i det 59. minutt etter pasning frå Markus Hareide – og endeleg fekk dei frammøtte sjå August sette inn 4-2-målet på overtid – ei skoring som eit kva som helst TV-selskap ville ha kåra til årets mål: August får ballen ute på høgresida, driblar seg fri og fyrer av klint-klint i motsett vinkel.

HAR TRENT GODT

Hareid har ikkje fått noko forsterking i løpet av sommaren, men rykta før kampen gjekk ut på at dei unge spelarane har trent svært godt, noko trenar Kenneth Moldskred stadfesta etter kampen. – Det er ein herleg treningsvillig gjeng, men vi er få og mange unge - og må finne oss i å stille som underdogs i kvar kamp, sa han blant anna.

Hareid ligg no på 9.-plass (av 12 lag) på tabellen. Fem lag er involvert i nedrykksstriden: Valder, Hareid, Larsnes/Gursken, Godøy og Sykkylven.

Dagens Hareid-spelar var utan tvil August Brandal. Elles stod keeper Sigve Overå Hide ein god kamp med ei habil forsvarsrekke fram om seg.

KAMPFAKTA:

4.-div.: Hareid-Ørsta 4-1 (1-1)

Mål: 1-0 Fredrik Andresen (36), 1-1 Knut Erik Myklebust (40), 1-2 Knut Erik Myklebust (46), 2-2 August Brandal (53), 3-2 August Brandal (59), 4-2 August Brabndal (90+2).

HAREID: Sigve Overå Hide – Håvard Bjåstad, Martin Longva, Lars Roar Holstad, Henrik Holstad, Benjamin Reite - Ruben Kenneth Brandal, Markus Hareide, Fredrik Andresen, August Brandal, Bendik Engen.

Innbytte: Andreas Skotheim i det 57. min for Andresen – Kim Alvestad i det 70. min. for Bjåstad.

RUNDERESULTAT:

Hareid-Ørsta 4-2, Rollon-Larsnes/Gursken 4-1, Valder-Emblem 0-1, Godøy-SIF/Hessa 1-5, Sykkylven-Volda 1-3, Bergsøy-AaFK2 0-4.

1.Aalesund 212101140 - 1531
2.Bergsøy1290330 - 1227
3.Emblem1281325 - 1425
4.Volda1272329 - 1623
5.Rollon1265122 - 923
6.Ørsta1271420 - 2422
7.SIF/Hessa1263335 - 2621
8.Valder1232715 - 2311
9.Hareid1230919 - 399
10.Larsnes/Gursken1222814 - 288
11.Godøy12111013 - 364
12.FK Sykkylven12021013 - 332
Her set August Brandal inn 3-2-målet. Han skyt fort og hardt etter å ha kome seg fri Ørsta sin midtstopparduo.