– Bygget i Ulsteinvik kan altså verte kåra til Noregs beste bygg, seier Anne Bente Skaarud. Ho er kommunikasjonsrådgjevar i Direktoratet for byggkvalitet, som er sekretariat for prisen.

Skaarud fortel at kandidatane til prisen skal ha framifrå byggkvalitet og vere eit resultat av gode og innovative byggeprosessar.

– Det er svært hyggeleg at Ulstein Arena vert lagt merke til, seier kultursjef i Ulstein, Leif Ringstad.

Anne Bente Skaarud vil førebels ikkje fortelje kven dei fem andre kandidatane er, ho viser til at det vert offentleggjort i ei pressemelding i neste veke.

Meir enn åtti forslag

Prisen er ei vidareføring av det som før heitte Statens Byggeskikkpris, og vert delt ut av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I år kom det inn meir enn åtti forslag frå femten fylke. Av desse har fagjuryen plukka ut seks bygg til semifinalen. I neste veke skal juryen på synfaring til alle dei seks kandidatane.

– Etter synfaringa skal juryen plukke ut tre bygg som skal vere med til finalerunden, fortel Skaarud.

Juryen kjem til Ulsteinvik på ettermiddagen torsdag i neste veke. Fagjuryen har desse medlemmane: Heidi Bjøru, sivilarkitekt, Bård Kåre Flem, sivilingeniør, Eli-Kirstin Eide, professor, Mai Anh Thị Lê, sjefingeniør PhD, Tor Inge Hjemdal, administrerande direktør i DOGA og Erling Lae, tidlegare fylkesmann i Vestfold. Det er Lae (bildet) som er leiar for juryen.

juryleiar: Erling Lae er leiar for juryen til Statens pris for byggkvalitet.

Også Lund+Slaatto Arkitekter og Ulstein kommune skal vere med under synfaringa.

Frå bygd til by

Ulstein Arena er eigd av Ulstein kommune. Bygget vart opna i desember i fjor, og inneheld bibliotek, symjehall, klatrehall og idrettshall.

Det var Lund+Slaatto Arkikter som nominerte Ulstein Arena til Statens pris for byggkvalitet. «Prosjektet har gitt kommunen tru på at bygda kan bli by og gitt inspirasjon og føringar til vidare byutvikling», skriv arkitektfirmaet.

– Det er eit heidersteikn at vi er med i semifinalen. Eg trur det handlar både om at Ulstein Arena er eit signalbygg og at det er eit funksjonelt bygg som er tilpassa brukarane sine behov, seier Leif Ringstad.

Prisen vert delt ut av kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland på Vulkan Arena i Oslo 31. oktober.