Skrive av Kari Brandal

Sommaren 1989 ferierte eg med familien min i tre veker i Asia. Nærare bestemt Singapore og Malaysia. Det vart nok rekna som noko uvanleg, og kanskje litt eksotisk, å reise så langt på ferie for tretti år sidan, spesielt med to barn på åtte og tretten år med på lasset. Vi har fleirfaldige fotoalbum frå turen med bilete frå eit assortert utval parkar og anna sjåverdig som destinasjonane hadde å by på. Spesielt godt dokumentert er ein orkidépark. Her har mor mi mange uklåre bilete av blomearten som på den tida ikkje var å oppdrive i nordlege Europa. Ein kan av og til skimte meg og bror min nedst i eit hjørne om vi var så heldige å ikkje vere dekt av skuggane av ein utilsikta tommel. Elles er eit halvt album dedisert til besøket i den zoologiske hagen i Singapore. Om ein legg godviljen til er det faktisk mogleg å skimte ein og anna apekatt på bileta som elles har gitter og andre besøkande sine bakhovud i fokus. Spøk til side, det var ein fantastisk ferie som gav minner som eg har med meg den dag i dag og det er heilt uavhengig av dei middelmåtige bileta som albuma våre kan vise til.

Det eg, derimot, har fått høyre eit par gongar sidan Asia-turen 1989, er kommentaren eg kom meg etter at vi var trygt tilbake i Noreg den sommaren. I fullt alvor spurte eg mor mi om vi ikkje skulle på «skikkeleg» ferie den sommaren? Forståeleg nok, så såg ho litt undrande på meg og spurte kva eg meinte med det. Vi hadde då vore tre veker på ferie og besøkt dyrepark, fuglepark, orkidépark, ein landsby på pålar, budd på hotell med basseng på taket og spist froskelår på kinesisk restaurant. For å nemne noko. Dette måtte vel kunne reknast som «skikkeleg» ferie, var hennar påstand. Eg var ikkje ueinig i at ferien hadde vore innhaldsrik, men den kunne likevel ikkje måle seg med ein tur på hytta på Lesjaskog, som i mine auge ville gjere sommaren komplett. Eg trur ho pusta djupt og unngjekk å kommentere ytterlegare.

Sjølv har vi hatt mykje fri i sommar og lagt planar som i all hovudsak har tatt omsyn til borna vore sine interesser. Sommarpark og Tusenfryd, badeland og restaurantar med leikehjørne. Eg må innrømme at sistnemnte er minst like mykje for å dekke dei vaksne sine behov. Ei vinn-vinn-løysing, om du vil. Oppsummert, ein ferie som i stor grad har vore på borna sine premissar med mykje sol, vatn og leik. Ei draumeoppskrift, tenker du sikkert.

Dokumentasjon har det også blitt. Augneblink som illustrerer for oss sjølve, og omverda, kva ferien inneheld. Bileta er klårare enn i 1989 og gir høve til å klippe vekk forstyrrande element. Til dømes, så kan du ta eit bilete av borna medan dei leikar seg der den eine kosar seg i sanden, samtidig som den andre er rasande sint fordi han har fått noko i auge. Då er det fint å ha ein redigeringsfunksjon, slik at ein kan publisere berre det harmoniske i situasjonen. Skulle det vere ein filmsnutt, så er også enkelt å skåne lyttaren for den opphavelege lyden og heller legge på ein passande bakgrunnsmelodi. For ferie er jo berre kjekt og det må eg tvihalde på.

Du les kanskje mellom linjene at eg synes ferie er litt både óg. Misforstå ikkje, eg skulle ikkje vore ferien forutan, men eg vil bli stoppa ved perleporten som løgnhals om eg seier at det berre er fryd og latter med to vaksne og to born på tur. Solkrem i augo, klorvatn i nasa, is som smeltar for fort, gloheit rullestein i sandalen eller strandleiker som blir tatt av lite barnevenlege bølger. Alle situasjonar som potensielt fremjar uhygge. Dersom ein av desse oppstår i kombinasjon med at mor har «svettebråt» eller truande lågt blodsukker, så kan det vere lurt å trekke seg tilbake til air-condition og ei episode med Vennebyen for alle og ein kvar.

Mine born har reist mykje og langt samanlikna med mange andre på sin alder. Litt som mor si, då ho var lita. Vi har hatt moglegheita, nytta den og kjem ikkje til å slutte med det fordi flyturen er ubehageleg eller fordi alle ikkje er hundre prosent fornøgde til ei kvar tid. Eg ynskjer at borna mine skal sjå og oppleve verda og eg har sjølv mange stadar igjen på ynskjelista mi.

Allikevel, når eg no ser tilbake på ferien 2018, når trefte vi eigentleg skjeringspunktet der alle var fornøgde? Augeblinken der ein kjente at livet var harmonisk og ein kunne lene seg tilbake og berre nyte? Det var på ei kritkvit strand der treåringen fekk føre seg at han var den neste Karsten Warholm og niåringen samla utalege flate steinar til samlinga. Det var på Kvamsøya. Eit kvarters tid med båt frå hytta.

For det enkle er av og til det beste. Det kortreiste og impulsive. Det utan høge forventningar. Der spenninga litt i det ukjente og destinasjonen ikkje er avbilda på førehand på glansa papir. Dit vil vi tilbake og oppleve litt «skikkeleg» ferie, slik at eg atter igjen kan møte 1989-versjonen av meg sjølv i døra.

Med ynskje om gode kvardagar i møte!