Kvar dag svarer Kirkens SOS på rundt 500 førespurnader. Likevel får ein av tre ikkje svar på første forsøk, skriv organisasjonen i ei pressemelding.

Avdelinga i Myrvåg vert difor oppretta for å møte auka etterspurnad etter krisetenester på telefon og internett.

Den nye avdelinga skal i første omgang handtere ein SOS-chat, som er ei nettbasert teneste. Den største brukargruppa er ungdom under tjue år.

Visjonen til Kirkens SOS er å vere til stade for dei som har det vanskeleg, med særleg fokus på å førebygge sjølvmord, heiter det i pressemeldinga.