27-åringen kjem frå stillinga som kommunikasjonsrådgjevar på Høgskulen i Volda.

Ho er utdanna innan PR, kommunikasjon og mediefag og har også jobba for Innotown i Ålesund og hatt verv som styreleiar i Kommunikasjonsforeininga i Møre og Romsdal.

Pilskog held no på med ei mastergrad i praktisk mediefag, heiter det i pressemeldinga frå banken.

- Eg håper Veronica kan vere med på å ta banken eit steg vidare for å styrke posisjonen som ein sjølvstendig og soldig lokalbankn i ei ny og digital tid, seier administrerande direktør Stig Brautaset.

Pilskog startar i nyejobben i oktober.