– Grunnprinsippa for måten ein driv tråling på har ikkje endra seg mykje sidan 1950-talet. Med vårt fangsthandteringssystem vil vi få trålnæringa til å tenkje heilt nytt i høve fartøy- og prosessoptimalisering, nye driftsformer, marknadsutvikling og forretningsmodellar, seier Arne O. Flø til Vikebladet Vestposten.

Maritim bakgrunn

Hareid-busette Arne O. Flø kjem opphavleg frå Ulsteinvik, noko også medgründer og Ålesund-busette Jan Børge Vik gjer. Tredjemann Pål Arne Roaldsnes kjem frå Valderøya.

Flø har revisjonsbakgrunn og har også tidlegare jobba i Kongsberg Evotec. Vik har bakgrunn som produktutviklar, og står for mesteparten av sjølve utviklingsarbeidet. Roaldsnes på si side har bakgrunn som skipper på ein trålar.

Vil eliminere kvalitetstap

Trioen meiner dei kan vere med på å revolusjonere måten ein driv trålfiske på.

– Det er jo ei kjent sak at trålfiske har sine utfordringar, og det har gjennom fleire år blitt jobba mykje med å optimalisere og forbetre metodane, også av næringa sjølv. Vi føler at vi no har kome fram til eit fangsthandteringssystem som vil eliminere dei tre hovudkjeldene til kvalitetstap ved tråling.

Desse hovudkjeldene er utmatting og klemskadar på fisken som følgje av den står i trålen i mange timar, klem- og skrapeskadar på fisken i det den blir dradd opp slipen – og sist men ikkje minst, problema knytt til ventetid om bord.

– Med vårt system kan ein hente opp passe store mengder. Når trålen er fylt med ei passe mengd fisk vil den autonome undervassfarkosten «Humla», som er hjartet i fangsthandteringssystemet, kople seg på trålposen. Fisken blir så lasta over i ein transportsekk på «Humla», undervassfarkosten returnerer til skipet og leverer fangsten gjennom eit mottaksarrangement under vasslinja på trålaren, til eit vassfylt mottak om bord. Dette gjer at trålaren kan fiske utan avbrot medan «Humla» beveger seg fram og tilbake. Vi har god trua på at vi skal gjere skaden på fisken minimal, samanlikna med slik det er i dag. Heile poenget her er å etablere ein langt betre flyt i heile trålingsprosessen, med færrast mogleg flaskehalsar og lagring undervegs, seier Arne O. Flø og legg til:

– Dette handlar vel så mykje om ein prosessinnovasjon. Teknologien i seg sjølv er ikkje så veldig revolusjonerande. Vi byggjer på kunnskap frå den maritime klynga her på Søre Sunnmøre. Vi har henta inspirasjon og kunnskap både frå fiskeri, offshore og seismikk.

Mykje spennande i kikkerten

Dei tre gründerane skal alle til Trondheim neste veke, der dei håper mange vil få auga opp for deira nyutvikla system.

– Vi har mykje spennande i kikkerten framover, utan at eg kan seie så mykje meir om det, seier Arne O. Flø smilande.

– Men vi er sjølvsagt opptekne av å vise oss fram på Nor-Fishing og å snakke med dei som er i næringa. Vi er avhengige av å få næringa til å sjå verdien av dette, og få dei til å bli med oss og utvikle dette vidare. Vi kan ikkje utvikle dette vidare i vår eiga vesle boble, seier han.

Stø Technology har valt å halde ein låg profil under utviklingsarbeidet, delvis grunna patenteringa av systemet. Men no får konseptet altså sin elddåp i Trondheim neste veke.