Conplan har søkt Ulstein kommune om bruksendring frå kontorlokale til husvære.

Eigedomen Foreininga vart flytta og bygt om i 2011. Førsteetasjen vart regulert til kontor og forretningsbygg, andreetasjen til bustader. Men no har Conplan på vegner av heimelshavar søkt om dispensasjon/aksept for bruksendring for to av seksjonane i bygget. Seksjonane er i dag kontorlokale og ligg i førsteetasjen av bygget (på gateplan).

Bakgrunnen for ønsket om ombygging er at det er vanskeleg å få tak i leigetakarar til kontorlokala, medan det er etterspurnad etter mindre bustader i området vårt på grunn av aktivitet på verfta. Tomta har god tilgang på parkeringsplassar.

Bruksendringa har vore sendt på nabovarsel. Ingen naboar hadde merknader til ombygginga/-reguleringa.

Det er frå før 14 bustadseksjonar i bygget.

Saka skal opp i teknisk utval i Ulstein kommune torsdag 23. august. Tilrådinga til vedtak er ikkje gje dispensasjon til bruksendring. Grunngjevinga er at etablering av husvære i 1. etasje mot Sjøgata er uheldig då det vil gje mindre gode butilhøve i husværa på grunn av plasseringa og omkringliggande gang- og trafikkareal og verksemder.