Larsnesingen, som bur i Ulsteinvik, har framleis store problem med å skjønne heilt kva han har vore med på dei siste månadane.

– Det er heilt surrealistisk. Draumen har gått i oppfylling, ikkje berre éin – men to gonger. Eg veit ikkje så mykje meir eg kan seie. Eg er utruleg takksam, seier Raymond i intervju med Vikebladet Vestposten søndag.

12. mai vann han 2,7 millionar

Datoen er sjølvsagt godt lagra i minnebanken – datoen då Raymond fekk vite at han hadde blitt millionær. 12. mai i år var det ekstra stor pott i lottotrekninga til Norsk Tipping.

– Ein kollega av meg sa eg burde prøve eit spel. Det er eg i dag sjølvsagt glad for at eg gjorde. Eg la inn nokre nøye utvalde tal, bursdagsdatoane til sambuaren min Jacquiline, meg sjølv og sønene mine Lucas og Jonah, seier Raymond og legg til:

– Eg jobbar som kokk, og var ute på jobb på ein fiskebåt på denne tida. Der har ein ikkje spesielt god dekning for telefon. Men vi hadde internett, og då eg skulle legge meg på kvelden måtte eg inn på Norsk Tipping-appen og sjekke kor trekninga hadde gått. Der dukka det opp ein gratulasjon, etterfølgt av at eg hadde vunne 2,74 millionar kroner. Eg trudde hjartet skulle stoppe.

Klokka 22.30 same kvelden ringde han inn til Norsk Tipping for å forsikre seg om at det ikkje var ein spøk.

– Nei da, det var det ikkje, seier Raymond smilande.

31. august blei han millionær – igjen

Fredag var Raymond på veg heim igjen frå jobb på plattforma Floatel Endurance, og hadde akkurat kome seg gjennom sikkerheitskontrollen på flyplassen i Alta og kjøpt seg ein halvliter, då telefonen byrja å ringe. Han trudde han kjente igjen nummeret.

– Men eg var litt usikker på om eg skulle ta den. Kanskje var det ein av desse svindeltelefonane ein høyrer om, tenkte eg. Men eg tok den. I andre enden var det ein tilsett i Norsk Tipping. Vedkomande spurde meg om eg hadde levert eit Eurojackpot-spel, noko eg bekrefta. Så kom det. «Du har vunne 1 million kroner pluss eit reisegåvekort frå Berg-Hansen på 100.000 kroner», seier Raymond.

Nokre kollegaer kom og sat seg ned ved sidan av han på flyplassen, og Raymond fortalde dei om telefonen han nettopp hadde fått.

– Du kan seie det blei litt av ei stemning der vi sat. Men eg kjente at eg nesten blei litt apatisk av det heile. Eg fatta det liksom ikkje, seier han.

Telefonen stod ikkje stille resten av kvelden, for då nyheitssakene rulla ut på diverse nettaviser om at ein fersk lottomillionær i Ulsteinvik hadde vunne nok ein million, var det fleire i nærområdet som tenkte på Raymond.

– Det er nok etter kvart ein del folk som veit om den første gevinsten. Det er veldig kjekt å få lukkønskingar, men eg er mest av alt glad for at familien min får eit enklare liv som følgje av dette.

– Kva er eigentleg oddsen for noko slikt? Det har eg spurt meg sjølv, mange, mange gonger i ettertid. Eg klyp meg i armen «ta ville pina», men eg trur det framleis nesten ikkje. Eg trudde flaksen min var brukt opp, men så kom det altså ein telefon til.

Nedbetaling av gjeld, litt moro og bryllaupsreise

Det finst mange historier om lottovinnarar som sløsar bort gevinsten dei har vunne nesten med ein gong, eller den rake motsetninga – dei som ikkje brukar ei krone av den før det er for seint. For Raymond har det vore mest viktig å tenke godt gjennom kva han skulle gjere med pengane.

– Jau då, eg har nok gjort ein del moro også. Eg har kjøpt bil både til meg og til sambuaren min Jacquiline, kjøpt meg båt, og vi tok ein tur til USA no i sommar, som ei 18-årsgåve til eldsteson Lucas. Men eg har også betalt ned mykje på gjeld. I tillegg har eg sørgja for at familien min, foreldra mine og søskena mine, skulle få sin del av gevinsten. Det har vore viktig for meg å gi tilbake til dei som betyr mest for meg. Når eg no vann igjen tenkjer eg at også dette vil gå til nedbetaling av gjeld, og andre investeringar, seier Raymond.

Som dessutan skal bli far igjen til neste år.

– Det gler vi oss sjølvsagt veldig til. Dette kjem veldig godt med i forhold til at familien vil bli større, men vi er også i prosessen med å planlegge bryllaup, så det skal nok bli ei fin bryllaupsreise til Bora Bora også, tenkjer eg. Så har vi også lyst til å reise ein tur til heimlandet til Jaquiline, Tanzania.

– Dette har vore eit heilt ubeskriveleg halvår for meg og familien vår, og eg er enormt takksam. Eg har fått ei indre ro i meg, og livet blir ein del enklare.

Eldstesonen Lucas, Raymond og sambuaren Jaquiline var innom Per Se, ein verdskjend fransk restaurant i New York, med heile tre stjerner i Michelin-guiden. Foto: Privat.
- Det er heilt surrealistisk dette. Det er nesten så eg ikkje klarer å tru på det, framleis, seier Raymond Knotten. Vikebladet Vestposten møtte Knotten heime hos han sjølv i Ulsteinvik søndag formiddag. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.