Silje Håheim (18) og Johannes Falk Davidsen (17) har begge vore elevar ved kulturskulen sidan dei gjekk i tredje klasse. Silje spelar piano og Johannes fiolin.

Silje vil ta del under opningskonserten som vert halden i Kaarstadbygget ved Høgskulen i Volda torsdag 6. september. Ho vil framføre Frédéric Chopins Nocturne i ciss-moll frå Opus 20.

– Dette er eit stykke som inneheld fleire morosame utfordringar, seier Silje Håheim til Sunnmøre Kammermusikkfestival sine Facebook-sider.

Johannes vil opptre på konserten på Hareid bedehus fredag 7. september. Han vil spele førstesatsen frå Joseph Haydn sin fiolinkonsert i G-dur.

– Eg har valt dette stykke fordi det er leiken og morosamt og eg har det gøy medan eg spelar det, er Johannes si grunngjeving for musikkvalet.

I tillegg til Silje og Johannes er cellisten Kjartan van Dijk Festøy og pianisten Sigurd Halse nominerte til årets talentstipend.

Vert avgjort laurdag

Kven som skal få stipendet vert avgjort under avslutningskonserten i Volda kyrkje førstkomande laurdag.

– Det er musikkskulerektorane på søre Sunnmøre som har kome fram til kandidatane til prisen, fortel festivalleiar Kaja Skatvedt Robak.

Festivalmusikarane Annar Follesø og Wolfgang Plagge utgjer juryen, saman med musikarar frå Søre Sunnmøre.

– Både tekniske ferdigheiter og musikalitet vil verte vektlagt, seier festivalleiaren.

Prisen, som er på 25.000 kroner, vert delt ut i samarbeid med Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Talentstipendet har blitt delt ut kvart år sidan kammermusikkfestivalen starta for ni år sidan.

Nominert: Johannes Falk Davidsen er nominert til årets talentstipend i samband med Sunnmøre kammermusikkfestival. ARKIVFOTO: jorulf Myrene