Asbjørn og Asconaen

Asbjørn Vattøy har ikkje hjarte til å kvitte seg med Opelen frå 1984. Til det knyter det seg for mykje nostalgi.

Arven Då faren Ingolf døydde i 2011, overtok Asbjørn Vattøy den gamle Opelen hans. Bilen er framleis i dagleg bruk. 

Originalt: Interiøret er framleis i relativt fin stand. 

Ascona 1.6 S: Asbjørn sin bil er tredjegenerasjon Opel Ascona, den såkalla C-serien. 

Grillen: Opelmerket er sentralt plassert i grillen. 

Nyhende

Du har kanskje møtt den raudbrune Opelen når Asbjørn Vattøy (51) køyrer til og frå Kleven verft der han jobbar som prosjektleiar.

– Mange vinkar til meg når dei møter meg på vegen, men eg anar ikkje kven dei er, innrømmer Asbjørn.

I ei verd der dei fleste bilar er grå og temmeleg preglause, er det ikkje godt å seie kven som sit bak rattet, men ein 34 år gammal Opel er det vanskeleg å unngå å legge merke til.

– Når eg parkerer bilen vert eg gjerne møtt av smil og glade fjes, seier Asbjørn.

Ny i 1984

Det var far til Asbjørn, Ingolf Vattøy, som kjøpte bilen ny hos forhandlaren i Ørsta i 1984.

Då var Asbjørn snart 18 år og fekk nytte nyebilen til lærekøyring. Det hende også at han fekk låne bilen etter at han tok førarkortet, før han fekk seg eigen bil.

Faren nytta Opelen fram til 2010, til han var rundt nitti år. Då han døydde i 2011 hadde ikkje borna hjarte til å selje bilen.

– Vi ville uansett ikkje fått stort for han. Affeksjonsverdien var langt større, så det vart til at eg tok over bilen. Eg ville aldri ha kjøpt ein slik bil, men sidan det knyter seg så mange minne til han vil eg gjerne behalde han så lenge eg kan.

Mamma fekk Alzheimer dei siste åra ho levde og kunne ikje bu heime lenger. Bilen var noko av det ho hugsa lengst. «Der kjem bilen vår», brukte ho å seie når eg besøkte henne på sjukeheimen, fortel Asbjørn.

Levd liv

Opelen ber preg av å ha nokre år på baken. Nokre rustflekkar her og der, ein støytfangar som står litt på snei og ei bakdør som berre kan opnast innanfrå, ettersom det er noko gale med handtaket på utsida. Elles ser interiøret heilt og fint ut.

På framskjermen har bilfabrikken montert på «Luxus» i plastbokstavar.

– Det var ein kjempebil då han var ny, seier Asbjørn som likevel ikkje veit heilt kva denne luksusen eigentleg består i, ettersom han manglar både servostyring og andre moderne finessar. Det kan vere at frontlyktene er utstyrt med viskarar, noko som ikkje var så vanleg i 1984.

Moderne innretningar som DAB-radio og CD-spelar finst ikkje. Radio og kassettspelar er dei originale frå 1984, men kassettspelaren er i ustand og radiotilbodet på FM-bølgja er som kjent temmeleg sparsamt.

– Eg har skifta motor. Den gamle tok til å leke litt vel mykje olje, så eg fekk sett inn ein brukt, fortel han.

God plass

Asbjørn opnar panseret og syner fram den nye motoren. Det er overraskande god plass i motorrommet, i motsetnad til dagens bilar der alt er så komprimert at berre det å skifte ei lyspære kan by på utfordringar.

Kor langt nyemotoren har gått veit han ikkje, men sjølve bilen har runda 200.000 kilometer.

No har han fått bilen EU-godkjend i to nye år, fram til 2020.

– Eg har i utgangspunktet ikkje lyst til å legge ut så store summar i reparasjonar, men ein veit no aldri. Eg får sjå korleis det går ved neste EU-kontroll om to år.

Asbjørn rosar karane ved Sentrum Bil i Ulsteinvik for arbeidet dei har gjort med å setje bilen i stand.

– Dei har gjort ein kjempejobb og vore veldig imøtekomande, seier han.

Det vert helst køyring til og frå arbeid og nokre småturar i nærområdet.

– Eg har vore gjennom Eiksundsambandet, men det gjer eg helst ikkje meir. Bilen sleit seg opp bakkane i tredje gir, fortel han.

Det betyr at Opelen helst vert å sjå til og frå Kleven verft. I alle fall nokre år til. Og hels gjerne når du køyrer forbi.