Sunnmøre tingrett om utbygging på Skeide:

Kommunen må ut med 46 millionar

Ulstein kommune må betale erstatning på til saman 46 millionar kroner til 29 grunneigarar på Skeide. Det har Sunnmøre tingrett avgjort.

Skeide: Sunnmøre tingrett meiner Skeide er svært godt eigna for utbygging, og viser til at området ligg nært sentrum, at det er solvendt med havutsikt og at det er kort og trygg veg til skulen. Dette bildet vart teke i vår. Arkivfoto: Linda Eikrem  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

– Avgjerda kan verte anka til lagmannsretten. Det er i alle fall mi tilråding at kommunen må vurdere det som heiter overskjønn, seier Ingvar H. Seth, som er advokaten til Ulstein kommune.