– Bør få stå i rundkøyringa

– Ja-kommunen Ulstein synest ikkje å verdsette eit privat initiativ frå Rotary til å heidre kanskje den største kulturberaren i Ulstein kommune gjennom 100 år: IL Hødd, seier Knut Kleiven (H). Pål Grødahl støttar Kleiven i at denne saka bør til kommunestyret.
Nyhende

Den 23. august vedtok teknisk utval i Ulstein kommune samrøystes at det planlagde Høddmonumentet frå Rotary ikkje skal få stå i rundkøyringa ved Amfi, som planlagt. Der er planta hengjebjørk og tulipanar. Utvalet vil heller ha monumentet som skal heidre Hødd ved Høddvoll stadion.