Laurdagspraten:

Virusjegeren

I vår var ho ferdig utdanna lege. No er Nina Urke Ertesvåg (29) frå Ulsteinvik doktorgradsstipendiat og skal forske på influensavaksine.
Nyhende

– Eg har alltid interessert meg for virus og bakteriar, ting som finst på eit mikroskopisk nivå, ei verd vi ikkje kan sjå med auga men som likevel har mykje å seie for oss, fortel ho. I vår var ho ferdig utdanna lege. Denne veka starta ho i ei stipendiatstilling på Haukeland universitetssjukehus i Bergen, etter å ha danka ut dei 37 andre søkjarane- mange med mykje meir erfaring enn den nyutdanna ulsteinvikaren.