Batteribygg:

Løyvde 1 million kroner

Hareid kommunestyre stiller med midlar, men må framleis kome fram til ein avtale med fylket og Fjord1 om plassering av batteribygg for nye ferjer.

Løyver pengar til utfylling: Hareid kommunestyre vedtok samrøyset å løyve ein million kroner til å fylle ut området nedanfor Trelast AS. Der er ønskjet å få plassert batteribygga som må på plass før dei nye el-ferjene skal inn på Hareid - Sulesund, men det står framleis att å få på plass ein avtale med Fjord1 og fylkeskommunen. 

Nyhende

Det var på saka om korreksjon av budsjettrevisjonen i Hareid kommune at forslaget om å løyve ein million kroner til utfylling av areal for batteribygg på sjøsida av Trelast-bygget på Hareid var presentert av Kai-Rune Bjørke.