Sommarfest i Hjørungavåg:

Opna zipline på leikeplassen

Fredag inviterte Pilskog Overå Vel til storstilt sommarfest i Hjørungavåg. Der var det også offisiell opning av ein zipline til 90.000 kroner som velforeininga har fått på plass.
Nyhende

Pilskog Overå Vel inviterte fredag til den årlege sommarfesten ved leikeplassen i Hjørungavåg. På programmet stod det både mat og underhaldning, men ikkje minst offisiell opning av ein ny zipline, eller taubane, som velforeininga har jobba med i over eitt år.

Til opninga var både sponsorar og dugnadsfolk inviterte, og Pilskog Overå Vel gjorde stas på sine hjelparar. Totalt var det truleg nærare 400 personar som hadde funne vegen til sommarfesten.

Har samla inn 650.000

Totalkostnaden på ziplina er på 90.000 kroner og det er enormt med dugnadstimar, samt velvillige sponsorar som har sørga for at Hjørungavåg har fått seg ein ny attraksjon.

Etter det styret i velforeninga erfarer er dette den einaste i denne dimensjonen på Hareidlandet.

Dei siste fem åra har Pilskog Overå Vel samla inn over 650.000 kroner i sponsorstøtte og det ser ein mellom anna igjen i den flotte leikeplassen, som er bygd opp av den private velforeininga utan midlar frå Hareid kommune.

Leiar i Pilskog Overå Vel, Ragnhild Nedrelid, set stor pris på hjelpa dei har fått, og trekk mellom anna fram fem tilsette ved Spenncon, som har stilt opp for å lage pingpong-bord.

– Sigurd Liavåg, Hermann Pedersen, Karsten Saure Hatløy, Kai Ove Jarnes og Bjørn Mork har brukt av pausane sine for å få produsert dette pingpong-bordet. Vi spurte om også skulen kunne få eit sameleis bord og det kunne dei, så til saman har det blitt fire slike. Eitt her, eitt på Hjørungavåg skule og to på Hareid ungdomsskule, fortel ho.

Sommarfest i sommarvêr

Årets sommarfest ved leikeplassen i Hjørungavåg hadde ”Hawaii”-tema og i strålande sol, fin temperatur og med mange frammøtte vart det ein veldig kjekk og eksotisk dag for både store og små.

Ragnhild Nedrelid rosar dei mange sponsorane som har hjelpt til slik at velforeininga kan arrangere desse sommarfestane.

– Her har vi gratis mat, gratis underhaldning. Vi har thai-mai til alle dei fleire hundre som kjem hit i dag, pølser og brød, popkorn, iskrem og masse kaker, smiler ho.

Har fleire planar

I dag er dei ei aktiv og levande velforeining som jobbar for å skape aktivitet i Hjørungavåg, men det er ikkje så mange år sida det var mindre liv i området.

– Vi var nokre år i dvale, men vi var nokre eldsjeler som starta opp igjen og no har vi fått på plass den parken vi har her. Vi har også planar om å utvide gapahuken som er bygt her. Vi arrangerer også årleg påskeeggjakt og sommarfestar, fortel Ragnhild Nedrelid.

Det er også velforeininga som har fått montert og driftar julestjerna på Hjørungneshornet.

Alle foto: Fotograf Viktoria Rinde - VR Foto