Språkrådsdirektøren til Volda:

Ope møte om nynorsk digital oppvekst

Språkrådsdirektør Åse Wetås kjem.   Foto: Språkrådet

Nyhende

Direktør i Språkrådet Åse Wetås kjem til Volda neste veke. Ho deltek på eit ope møte om korleis ungane skal lære seg å skrive nynorsk, når alt på nettbrettet dei får på skulen er på bokmål. 

Den lovfesta retten til nynorske lærebøker til same tid og til same pris har sikra tilgang til opplæring på nynorsk i alle fag i grunnopplæringa. Denne retten er no utfordra. Kommunar og skular med nynorskelevar kjøper inn digitale læringsressursar som berre har tekst og tale på bokmål eller engelsk.

Allkunne, Høgskulen i Volda og Volda mållag inviterer neste veke til ope møte om nynorsk digital oppvekst. Arrangementet er ein del av Forskingsdagane 2018. I panelet sit, i tillegg til språkrådsdirektøren, førsteamanuensis Gudrun Kløve Juhl ved Høgskulen i Volda, lærar Øyvind Festø og oppvekstsjefen i Volda kommune Per Ivar Kongsvik. Redaktøren i Allkunne Per Magnus Finnanger Sandsmark leier samtalen. Dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn ved Høgskulen i Volda ønskjer velkomen.

– 76 352 elevar har nynorsk som opplæringsspråk i grunnskulen. Det er fleire enn det er elevar i Osloskulen. Desse nynorskelevane har rett til å sjå språket sitt i bruk, bli trygge på å bruke det og ha like høve til å lære i alle fag og med alle læremiddel, som andre elevar. På dette opne møtet vil vi høyre om korleis stoda er og kva pliktar ulike aktørar har. Kommunen, språkrådsdirektøren, forskaren og læraren vil syne korleis verda er – og skal vere, frå sine ståstader, seier redaktør i Allkunne Per Magnus Finnanger Sandsmark.