Flyttar Søre Sunnmøre IKT til Ulsteinvik

Frå sansestimulering til datamaskiner

Driftsavdelinga til SSIKT skal flyttast til tredje etasje på Ulstein Kompetansesenter. Det vart bestemt på styremøte i SSIKT sist fredag.

Det grøne rommet: Det grøne rommet er i dag aktivitetsrom på Snoezelen på Reiten. Men Rådmann i Ulstein, Einar Vik Arset, vil ha inn supportsenter for SSIKT her i staden. Førebels har ikkje Ulstein kommunestyre tatt stilling til om dei vil samlokalisere Snoezelen i Holsekerdalen som rådmannen foreslår. Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne sa nei samrøystes. Levekårsutvalet vil ha saka betre greidd ut til dei har møte 3. oktober.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

SSIKT er eit interkommunalt IKT-samarbeid mellom dei sju kommunane Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Ørsta, Volda og Vanylven. Dei leverer spesialsydde tenester innan mellom anna prosjektarbeid, design/utvikling/drift av sentral IKT-infrastruktur og spesialrådgjevingstenester for medlemskommunane sine om lag 12 000 tilsette og grunnskuleelevar. Dei er også teknisk leverandør for ein del av kommunane sine offentlege tenester, til dømes heimesidene.