Ulstein får pengar frå Havbruksfondet

Ulstein kommune får knapt 1,7 millionar kroner frå Havbruksfondet.

  Foto: Foto: Kirsten Offerdal/NPK

Nyhende

- Dette er pengar som politikarane i kommunane står fritt til å bruke som dei vil. Så ventar vi at pengane vert brukt på tenester og føremål som kjem innbyggarane til gode, seier statssekretær Roy Angelvik (Frp) til Fiskeribladet.

Havbruksfondet vart oppretta av Stortinget i i 2016.

Angelvik fortel at fordelinga skjer etter ein nøkkel som handlar om kor mykje havbruk kommunane har og kor mykje dei har lagt til rette for havbruk dei siste åra.

Mest av alle kommunane får Frøya i Trøndelag: 103 millionar kroner.

Ulstein er ein av 29 kommunar i Møre og Romsdal som får pengar frå fondet.

Hareid kommune står ikkje på tildelingslista.

Herøy kommune får vel 4,5 millionar kroner.