Con Moto øver til 40-årsfeiring:

– Må vi slutte no allereie, kan ikkje vi synge litt til?

– Eg har alltid likt å synge, fortel Arvid Myklebust. Det kan forklare kvifor han har vore med i koret Con Moto sidan starten i 1978.

Vi er som ein familie, vi bryr oss veldig om kvarandre

Nyhende

Myklebust er mellom knapt tretti songarar som er med på øvinga den måndagskvelden lokalavisa stikk innom. Songarane er spreidde utover aulagolvet på Ulstein ungdomsskulen, dirigent Svein Eiksund vekslar mellom å spele piano og å svinge med armane. Og i amfiet sit Dagfinn Olav Bye, som har regien på jubileumskavalkaden på Sjøborg i slutten av oktober.