Modellbåtmysteriet oppklart

Mysteriet om kva båt Ole Hjelle hadde bygd modell av er mest truleg oppklart.
Nyhende

– Modellbåten som avisa hadde bilete av i «Gårsdagen» laurdag 1. september er ikkje hareidsbåten «Hadarøy». Det er ein modell av «Knut Grønnevet», fortel Lodve Grønnevet på Hareid. Og Lodve burde vite det, etter som han var bestmann/styrmann på denne båten i sju år.