Fylkesmannen på besøk

– Felles kriseforståing

– Ulstein har ingen ting på Robek å gjere, sa assisterande Fylkesmann Rigmor Brøste då ho besøkte Ulstein rådhus og gav forsamlinga nokre tips om korleis kommunen ikkje skal hamne der.

Rigmor Brøste: Brøste meiner det er viktig at det er ei felles kriseforståing i heile organisasjonen og at Ulstein kommune tar grep før det er for seint.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Ordførar Knut Erik Engh hadde bede inn leiarane i levekårsutvalet, teknisk utval, fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne og ungdomsrådet til denne sekvensen på formannskapsmøtet. Han fortalde at Ulstein kommune er i gang med ein omstillingspakke for å spare pengar, men dei har framleis ein god veg igjen å gå for å nå innsparingsmåla sine. Kommunen ønskjer ikkje å kome på Robek, difor hadde dei bede inn Fylkesmannen for å gje dei råd før dei kjem så lengt.