Delegerte ikkje makta til ordføraren

Ber heller administrasjonen leggje fram ein ny sak.

(arkivfoto) 

Nyhende

UEKF er i tvist med prosjekteringsgruppa om økonomi i prosjekt Ulstein Arena. Det er planlagt forhandlingar. For å sluttføre forhandlingane foreslo dag leiar i Ulstein Eigedomsselskap KF for styret å delegere til ordføraren i Ulstein å få mynde til å kunne godkjenne eit eventuelt forhandlingsresultat mellom partane.

Men styret i UEKF laga i fellesskap eit nytt framlegg, som dei så vedtok samrøystes. Dei ber administrasjonen leggje fram ei ny sak som skal gå vidare til kommunestyret i oktober. I denne saka skal ein leggje fram status i saka og eventuelle behov for vidare forhandlingar.