Diskuterte Høddmonumentet

Ulstein formannskap diskuterte om dei skal vedta noko om plassering av Høddmonumentet.

Knut Kleiven vil ikkje slå seg til ro med at teknisk utval har avvist at Høddmonumentet får stå i rundkøyringa ved Amfi Ulsteinvik. Han meiner at kommunestyret bør få ta stilling i denne saka.  

Nyhende

Knut Kleiven (H) tok opp saka om plassering av Høddmonumentet som har vore handsama i teknisk utval. Han meinte at saka bør opp i kommunestyret. Får ikkje Rotary plassere monumentet i rundkøyringa ved Amfi trekkjer dei gåve. Difor er det ei sak for kommunestyret, meinte han.