Krev overskjønn til lagmannsretten

Ulstein formannskap vedtok samrøystes å krevje overskjønn til lagmannsretten.

Skeide: Ulstein kommune meiner tingretten har sett ein for høg pris.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Ulstein formannskap meiner at kvadratmeterprisen for byggjeklart tomteareal omfatta av kommunens grunnerverv på Skeide vil bli vesentleg høgare enn det Sunnmøre tingrett legg til grunn som marknadspris i skjønn avsagt 30. august 2018. Dei meiner retten ikkje har tatt tilstrekkeleg omsyn til at det blir innløyst store areal til veggrunn, friområde med meir som ikkje kan seljast.