Rasering av IKT-tenestene på Søre

Lesarinnlegg frå Kristian Fuglseth
Nyhende

Rådmenn på Søre Sunnmøre er så gira på at Ulstein skal verte «IT- og teknologihovudstad,» at dei raserer og splittar Søre Sunnmøre IKT (SSIKT) i kampen om å samle alt i Ulsteinvik sentrum. SSIKT er eit felleseige og har eit stort IT-miljø som driftar alt av utvikling, programvare og hardvare, nettverk osb. i eit godt samarbeid mellom dei sju Søre-kommunane. Tusenvis av elevar, tilsette og andre brukarar loggar seg inn på SSIKT kvar dag. Dette er ein viktig fordi det også er kjernen for velferdsteknologi, IT-satsing i skulen, osb.

Styret i SSIKT, som er rådmennene eller den dei utpeikar, røysta for at det skal flyttast til Ulsteinvik. Men ikkje nok med det. Det er så dyrt å flytte topp moderne serverrom, straumforsyningar og kjøling som er bygd i Hareid over mange år – at dei skal splitte SSIKT i fleire kontor for å få litt kvar. Prosessen har vore seigpining for dei tilsette, utsett frå eine møtet til det andre, tre gonger (!) – akkurat til det rette tidspunktet då dei rette røystene møtte for å tvinge gjennom eit fleirtal. Fredag greidde dei det.

«Dei proffe» tok over

Siste månadene har altså eit keitete drama utspela seg mellom rådmennene. Vi politikarar mista røysteretten og påverking over IT-satsing i kommunane for eit par år sidan. Argumentasjonen var at dei kjende driftsorganisasjonen i ei omleggingsfase og at «profesjonelle» skulle drive ei avansert teknologibedrift på vegne av kommunane. Oppslaga i Vikebladet/Vestposten denne veka vitnar om det ikkje er tilfellet.

No gjekk dei fem på og trykte på feil knapp. Blå skjerm! Ring Support!

Dei fall for splitt og hersk mellom stabeisar av nokre få som ikkje bryr seg om anna enn kva dei kan karre til seg sjølve. No tynnar de ut og spreier kompetanse som eigentleg skulle vere samla og utfylle kvarandre. Mot fagmiljøet sitt eige framlegg.

Oppdraget til rådmennene er å samarbeide om utvikling, ikkje drive politikk!

Juks med pristilboda?

Ulstein skal ha utviklingsmiljøet – og Hareid skal ha driftsmiljøet. Totalt skivebom. Skulle de sentralisere – ville det logiske vere å legge det i Myrvåg, sjølv om eg meiner at sidan driftssentralen allereie er etablert over fleire år på Hareid og alle har investert så mykje der, vil det rimelegaste vere å halde på denne plasseringa både fagleg og økonomisk. Når industrien greier å sende folk rundt jorda, skulle ein tru det gjekk an å organisere seg slik at tilsette kom seg mellom dei ulike bygga i kommunane.

SSIKT trengde meir areal – men valet fall på ei dyrare og fagleg dårlegare løysing enn fleire andre alternativ. To alternativ var rimelegare og anbefalt av IT-miljøet. I alle andre samanhengar er dette klart brot på offentleg innkjøp. Dei rådmennene som utlyser tilbodskonkurransen er dei same som gjev tilbod og til slutt vurderer dei same tilboda. Bukken og havresekken.

Kastar vekk investeringar

Alle innbyggarane på Søre har vore med på utvikling og investeringar på Hareid. No var det brått nok med eit innfall frå desse rådmennene i SSIKT-styret – så skal ein flytte. Dette er investeringar som ikkje er så lett å grave ut av grunnen og deretter grave ned ein annan stad.

Det som viser på overflata på plenen ovanfor Hareid rådhus er berre kanalopningar, vifterfrontar og lufting. Under torva ligg eit høgteknologisk senter innover mot kjellaren i rådhuset. I fordelinga mellom kommunane har Hareid drive IT for dei andre. Det er eit fornuftig samarbeid og fordeling av oppgåver på mange områder. Hareid har i mange år grave, kabla og bygd opp eit topp IT-miljø for skular, barnehagar og andre på Søre. Det er lagt til rette med investeringar og infrastruktur saman med Søre Sunnmøre IKT (SSIKT). E-post, fagsystem og ulike programvare, datatryggleik, utvikling, nettverk, innkjøp av maskinpark og så vidare er så moderne som du kan få det.

Samarbeid med skuggar

Vi treng ikkje la griskheita trumfe fornufta. Det er ikkje slik samarbeid på tvers av kommunane skal vere. Enkelte døme på samarbeid: Volda driv felles barnevern, Herøy har landbruk, Vanylven sentralbord, Ulstein har PPT, Hareid har IT, og slik er det avtalt og fordelt. Men eg stussar over kva tenester som hadde vorte att i bygdesentra rundt om dersom vi var slått saman i eit felles regime. Ein intern klubb som skulle drive splitt og hersk, avgjersler på bakromet og deretter krokfot på samarbeidsavtalar. Avtalar over mange år der vi fordeler arbeidsoppgåver. Måten nokre opererer på i ein del av desse sakene er så ufornuftig at det faktisk vil gå ut over innbyggarane til slutt. Korleis skal kommunane og bygdesentra samarbeide når vi ikkje kan stole på ein einaste avtale? Parodien om at ein avtale berre gjeld til neste vedtak stemmer. Avtalar om samarbeid og samdrift har null verdi. Her er bakmenn som legg mørke skuggar over eit elles fruktbart samarbeid, og desse svekkjer tillit, kontinuitet, økonomi og stabil drift. Det hjelp ikkje å polere fasaden når skiten gror i krokane.

India neste?

NAV og mykje anna er styrt ovanfrå, medan IT er framleis ei lokal, kommunal oppgåve. Men vårt SSIKT har på eit par år gått frå å vere eit politisk styrt samarbeid til eit lukka selskap. Før var det opne prosessar i store investeringar eller endringar som kunne påverke innbyggarar. Men trass åtvaringar, har vi no eit profesjonelt styre av rådmenn utan folkevalde si medverking. No er det på tide å snu før alt hamnar i India. Kva er neste steg, herr rådmann? Heilt privatisering? Slik at eit eller anna byrå(kratisk) selskap i IKT Norge-klubben har fullstendig knipetak på kva dette skal koste innbyggarane? Eg reknar med dette er anbefalinga frå den såkalla ekspertisen.

Korleis kome seg ut av denne floken:

No må vi setje ein fot i bakken og ta ein kvalitetssjekk


1. For det første må ein revisjon av vedtektene må sikre at SSIKT-styret må ha politikarar/innbyggarar representerte i styret, og ikkje berre private interesser frå enkeltpersonar/byråkrati. Vi investerer enorme summar i digitalisering av alt frå skular til helse, og er på veg inn i kommune både 2.0 og 3.0 – og då er det best at særinteresser held seg unna. Vi har store IT-prosjekt både i skulen og i velferdsteknologi som ikkje kan spore av.


2. For det andre bør kontrollutvala i dei respektive kommunane snarast set i verk ei gransking av om endringane i SSIKT er fagleg forsvarleg, om det er økonomisk forsvarleg, og om prosessane siste året er i tråd med forvaltningslova og kommunelova mellom anna med tanke på gildskap. Dette selskapet skal ikkje ende opp som ein stat i staten som styrer seg sjølve og berre krev større og større budsjett utan at vi veit korleis midlane er brukte. Vi har rutinar på innkjøp og leigeavtalar som må gåast over.


3. For det tredje meiner eg saka om flytting krev politisk handsaming – og vi må ha innsyn i innkallingar, saklister, sakspapir og referat frå alle møta. Også dokument utdelt eller referert til i møta må ut.


4. For det fjerde må vi sjå på desse rådmannsmøte. Der må referat frå alle møta setjast opp som referatsak i alle formannskaps- og kommunestyremøter. Dette er fordi rådmenn møtest på det jamne og driv prosessar som til slutt påverkar politikk utan at politikarane er godt nok orienterte. Prosessar er ofte komne så langt at det ikkje er vits i å ha ei politisk meining etterpå fordi saka er ferdigsnakka. Dette har vorte eit samsnakkingsorgan med for sterke politiske prosessar. Eit påverkings- og lobbyorgan. Rådmenn har ansvar for at sakene er forsvarleg og objektivt framlagde for dei folkevalde – og det inneber at dei folkevalde har styringa og vert gjevne reelle val.