Flytting av Snoezelen

Utsett til oktober

I sakspapira til SSIKT står det at dei nye lokala i Ulstein er ledige frå 1. august 2018, men det er først i oktober at kommunestyret skal ta stilling til om dei vil flytte Snoezelen ut av dei aktuelle lokala.

Diskusjon: Eit stort fleirtal i formannskapet ville ikkje vedta ei samlokalisering av Snoezelen i Holsekerdalen 24 slik saka står i dag. Saka skal greiast ut betre, der fagpersonale blir involvert i prosessen. Så skal saka til levekårsutvalet og kommunestyret i oktober.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Eit fleirtal i formannskapet (Lisa Mari Breivik Anderson, Pål Grødahl, Hanne Notøy, Knut Kleiven og Steinar Torvik) slutta seg til uttalen frå levekårsutvalet i saka om samlokalisering av Snoezelen i Holsekerdalen 24.