Krafttaket 2018

Fleire lokale kandidatar

Nyhende

Gjennom Krafttaket ønskjer Tussa å engasjere frivillige lag og organisasjonar til å gjere ei god gjerning mot å få sponsorstøtte. Sidan 2013 har Tussa på dette viset gitt vekk 100 000 kroner til 10 deltakarar kvart år.

Kor stor del av potten kvar deltakar får kjem an på kor stor del av røystene dei får. Publikum kan gå inn å røyste kvar dag i perioden 12. til og med 28. september. Det er berre å trykke "gi kraft".

Kvar deltakar utfører gode gjerningar i denne perioden for å få tilført sponsorstøtte.

Førebels er det Hareidlandet triatlon som har fått mest kraft. Dei ønskjer støtte til å vidareutvikle familiearrangementet Hareidsdølen. Den gode gjerninga er eit helsebringande familiearrangement for barn og vaksne i alderen 5-99 år.

Hareid IL Turn er også med. Dei ønskjer støtte til nytt utstyr som landingsmatter, bom og saftmatte. Den gode gjerninga er i rydde Overåsanden.

Ulstein Taekwondo ønskjer støtte til å leige inn dyktige trenarar og utøvarar på høgt internasjinalt nivå. Den gode gjerninga er at alle medlemmane i løpet av ein periode skal plukke 5 søppelting om dagen for å redde verdas hav.

Du kan gå inn å gje kraft her: https://www.krafttaket.no/ Du må ha ein Facebook-konto for å få røyste.