Vil hjelpe demensaksjonen

10.klassingar ved Hareid ungdomsskule ønskjer å samle inn pengar til demensaksjonen.
Nyhende

- Vi har sett fram bøsser og sendt søknader til bedrifter i området. I tillegg skal vi ha kakesal på skulen, fortel Ingrid.

Aksjonen startar måndag 17. september og skal vare fram til 23. september. Måndag 24. september skal elevane i banken for å setje inn pengane frå aksjonen.

30 prosent av det som vert samla inn,  går til dei som vert ramma av demens lokalt, medan 70 prosent går til viktig forsking.

Innsats for andre

10.klassingane har eit valfag som heiter «Innsats for andre».

- Vi lærer å hjelpe andre. Det kan til dømes  vere å leike med barn i ein barnehage eller å besøkje eldre som treng selskap, seier Vanessa.

- Det er kjekt å kunne hjelpe andre, legg Celine til.

No håper dei at lokale bedrifter og andre vil hjelpe dei med å samle inn pengar til eit viktig føremål.