Feirar med motbakkeløp

50-åringen Haddal IL er ikkje heilt uvan med motbakkar. Laurdag 22. september feirar idrettslaget jubileet med løpet «Garnestua opp».

Jubileum: – Vi inviterer alt til å ta del i feiringa av 50-årsjubileet til Haddal IL, seier f.h. leiaren i idrettslaget, Cato Eiksund Rogne, økonomileiar i HIL, Einar Nevstad og leiar i arrangørgruppa for jubileet. Maria Myrene Vågsæter. Sparebank 1 Søre Sunnmøre har vore ein trufast støttespelar for idrettslaget i nær ti år, og i høve jubileumsfesten stiller banken eige lag som skal spele mot Team Haddal. Både sjef for personmarknaden i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, André Skotheim og sjef for banken si avdeling i Ulsteinvik, Lilian Kleven Breivik, stiller på laget. 

Nyhende

Haddal IL fyller 50 år i år. Idrettslaget vart skipa 25. mai 1968 og neste helg skal jubileet markerast.

Det første som står på programmet er motbakkeløpet «Garnestua Opp». Turen opp til den 654 høge fjelltoppen kan naturlegvis også takast som ein fjelltur.

Det vert frammøte og registrering på Løset. For raskaste kvinne og raskaste mann vankar det premiar, i tillegg vert alle deltakande born opp til 12 år premierte.

Sjølve festen vart på Solsida stadion. Her vert det premieutdeling etter «Garnestua Opp» og aktivitetar for borna.

Inviterer alle

– Vi inviterer alle som har lyst til å vere med og håper sjølvsagt at vêret skal verte bra. I alle tilfelle har vi fått låne eit stort partytelt med grendelaget i Eiksund, seier leiaren i Haddal IL, Cato Rogne.

Det vert også invitert på gratis grillmat, sponsa av Rema1000 og Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Sparebank 1 stiller også med eige lag i ein eigen jubileumskamp denne dagen. Team Sparebank 1, under leiing av ingen ringare enn ordførar Knut Erik Engh møter då Team Haddal til ein fredeleg kappestrid.

Sponsorane betyr alt

Sparebank 1 har vore med å støtte Haddal IL i nær ti år.

– Støtta frå sponsorane våre betyr vere eller ikkje-vere for idrettslaget, seier Cato Eiksund Rogne.

Han set pris på at banken ser verdien i det arbeidet som vert lagt ned i eit lite idrettslag ute på bygda.

– Vi ser kor viktig idrettslaget er for trivselen og kor mykje medlemmene i idrettslaget har ytt i dugnadsinnsats. Dette er verdiar vi vil vere med på å støtte. Samstundes håper vi naturlegvis på goodwill frå innbyggjarane, slik at dei kanskje vurderer oss når dei skal velje bank, seier Lillian Kleven Breivik som er sjef ved banken si avdeling i Ulsteinvik.

Dei aller fleste i Haddal-krinsen har nok på eitt eller anna tidspunkt vore aktivt med i laget som i dag har seks lag innan aldersbestemt fotball i sving, i tillegg til ei trimgruppe som står bak den populære Fjelltrimmen.

Håper på A-lag

– Vi har eit håp om å få i gang eit A-lag, helst eit 11’ar-lag, til neste sesong, seier Cato Eiksund Rogne. Haddal IL har hatt eige A-lag i dei fleste åra idrettslaget har eksistert, men dei siste åra har det ikkje lukkast å stille.